Korleis gå fram ved kjøp av bunad?

Med eit stort utval av ulike bunadsmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss.

Bilete og informasjon finst her på nettsiden vår, og modellar av bunadene kan du sjå ivåre to butikkar i Arbeidergata 1 og på Glasmagasinet.

OM VÅRE BUNADER

Bunaden blir sydd etter dine mål.

Dei fleste av våre bunader er utvikla av Heimen Husfliden.

Vi brukar stoff og materialar av høg kvalitet hovudsakleg frå norske leverandørar.

Påteikning av broderingsmønster på systova vår i Oslo eller i Tallinn.

Alle våre bunader er brodert for hand i Estland, Vietnam, Kina eller Norge.

Sydd av våre dyktige tilsette i Oslo og Tallinn.

Prisen på ferdig bunader vil ligge mellom kr 30.000 –125.000 og skjorter på om lag kr 8.000 – 23.000.

MATERIALPAKKE - SY BUNADEN SELV

Alle materialpakker blir tilverka på systova vår i Oslo sentrum.

Prisen på materialpakker til hel bunad vil ligge på kr 9.500 – 21.500 og skjorter om lag kr 2500. – 3500.

Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunader; kontakt oss for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad.

VAL AV BUNAD

Nokon vel bunad ut ifrå den staden dei har vakse opp, andre ut ifrå kvar foreldra eller besteforeldra er fødde eller kjem frå, andre ut frå kvar dei bur og andre kva dei meiner kler dei best.

Våre dyktige tilsette kan gi deg rettleiing på dette.

Ved bestilling brukast ei sjekkliste for å sikre at du får med alt tilbehøret du ønskjer.

Heimen Husfliden | Kjøpe bunad