Materialpakkar til bunad og bunadskjorter

Vi lagar materialpakkar til bunad og bunadskjorter

Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy heile eller delar av bunaden eller bunadskjorte sjølv. Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunadsområder.

Ein bunad er eit staseleg praktplagg, så brodering og saum av materialpakkane våre krev at du har gode broderings- og saumkunnskapar.Ved bestilling av materialpakkar og klipte materialer må det betalast delbetaling på (50 %) før den blir sett i produksjon.Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto.

Ta gjerne kontakt med oss på Teiknestova@heimenhusfliden.no for å finne ut om vi har materialpakke til bunadskjorta eller bunaden din.

Materialpakke_AkselWaldemar.jpg
Materialpakke til Aksel Waldemar bunad fra Gudbrandsdalen

Innhald materialpakkar til bunad

  • Klipt stoff eller påteikna stoff til bunaden

  • Garn til brodering

  • Fòrstoff til liv og til eventuelt lue og lomme

  • Stoff til skoning i stakk og forkle

  • Fargekart (svart/kvitt + fargefoto)

  • Broderiforklaring

  • Monteringsskriv

  • Mønster til eventuelt liv, trøye eller lignende cape.

  • Sytråd

  • Broderinåler

  • HekterT

  • Trykknappar

Skjermbilde 2026–02–16 kl. 13.53.44.png

Innhald materialpakkar til bunadskjorte

  • Stoff eller påteikna stoff til skjorte

  • Garn til brodering

  • Sytråd

  • Broderinåler

  • Broderiforklaring

  • Monteringsskriv

Vi leverer ut broderi eller monteringsforklaring ved kjøp av våre materialpakkar.

Vi tilbyr konsulenttimar med bunadsyarane våre, både for å komme i gang og om du skulle trenge hjelp undervegs. Prisen per konsulenttime er kr 900,-.

For meir informasjon:
Kontakt oss på +47 23 21 42 00, sentralbord@heimenhusfliden.no eller i våre bunadsavdelingar på Glasmagasinet eller i Arbeidergata 1.

Heimen Husfliden | Materialpakkar til bunad og bunadskjorter