Romerike L55 damebunad

Gratis måltakning

Romeriksbunad L55 har liv i gul damask med grøne fløyelskantar og gullband eller grønt damaskliv med gule fløyelskantar og gullband. Bunaden har broderi på stakk, forkle, lue og lomme, som er i toskafta bunadty i raudt eller blågrønt.

Stakk og liv

Stakken er i toskafta bunadty og kjem i raudt eller blågrønt. Livet er i gul eller grøn damask.Det er valfritt om ein vil ha gult eller grønt liv til både raud og grøn stakk.

Forkle

Ein kan ha forkle i same stoff som stakken med broderi, linbatist (tynt og lett linstoff) med broderi eller eit linforkle med brunt trykk.

Skjorte

Det er to forskjellige broderte linskjorter med kvitt broderi.

Ytterplagg

Kort jakke i same farge som stakken eller lang cape, capen er svart til raud bunad og blågrøn til den blågrøne. Bunadsjal i same farge som bunaden.

Veske:Veske kjem i same farge som stakken med tilsvarande broderi som stakk og forkle.

Hovudplagg

Brodert lue i same farge som stakken.

Strømper

Kvite til raud bunad, kvite eller svarte til dei andre fargane.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er utarbeidd eige sølv frå Romerike.

Heimen Husfliden | Romerike L55 damebunad