Aust-Telemark A32 damebunad

Gratis måltakning

Aust-Telemarksbunad (A32) med Lekjabord har brodert liv, ein smal, brodert kant nede på stakken og eit forkle med brei brodert bord. Typisk for Aust-Telemarksbunaden er det breie beltet som finst i fleire fargevariasjonar. Til bunaden kan ein bruke ei raud, brodert jakke som er grunnen til at denne bunaden ofte kallast Raudtrøyebunaden.

Stakk og liv

Bunaden har brodert liv, ein smal, brodert kant nede på stakken og eit forkle med brei brodert bord.Typisk for Aust-Telemarksbunaden er det breie beltet som finst i fleire fargevariasjonar. Ein kan velje svart eller blått stoff i stakken, mens livet er alltid raudt. Stakk og liv kjem i toskaft (eit tett og robust ullstoff).

Forkle

Forkleet er i same stoff og farge som stakken.

Skjorte

Det er utarbeidd fem forskjellige broderte linskjorter.

Ytterplagg

Raud jakke med broderi, kjem med to forskjellige broderi.

Belte

Det brikkevevde beltet til Aust-Telemark er handlaga og kjem i fleire fargekombinasjonar.


Hovudplagg

Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Sølv frå Telemark, både forgylt og oksidert.