Aust-Telemark - Beltestakk A82 med gult liv

Gratis måltakning

Beltestakk A82 er tufta på draktskikken i Aust-Telemark frå siste del av 1800-talet.

Beltestakken er mest vanleg i Midt-Telemark og blant bunadene der ein har stor valfridom i høve til materialar og fargar. Til denne bunaden brukar ein den finaste silke og ull i kombinasjon med fargerike band, skjerf, belte og skjorter. Her er ein Beltestakk med gult liv og elles med ulike fargekombinasjoner.

Beltestakken har stor fridom i val av fargar og materialar, så ønskjer du deg ein bunad som oppfyller draumen din, er ein Beltestakk kanskje bunaden for deg!

Liv og stakk

Stakken kjem i svart toskafta bunadty. Livet kan ein sjølv velje stoff til, her brukar ein ulldamask, silkedamask, brokade og fløyel. Her vist i gul silkedamask. Livet har alltid svarte kantar.

Forkle

Forkle kjem i biba, lasting, ulldamask, silke/ulldamask eller silkedamask. Det har fløyelskant heile vegen rundt og valgfrie farga silkeband nedst.

Belte

Beltet til beltestakken er brikkevevd og vanlegvis 10-12 cm bredt. Det vert laga i mange ulike fargar og variasjonar.

Skjorte

Heimen Husfliden har eit stort utval av spesialbroderte beltestakkskjorter i fleire fargekombinasjonar, samt silkeskjorter og bomullskjorter i månge fargar og mønstre.

Hovudplagg

Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle.

Ytterplagg

Det er to jakker å velje mellom til beltestakken. Den eine har et svart broderi nede på ermene og noko broderi langs kanten i burgunder tonar eller grøne tonar. Den andre har fløyelskantar med raud saum innanfor langs alle kantar.

Strømper

I tillegg til svarte strømper, kan ein bruke broderte vadmelsokkar som kjem med to ulike broderi.

Sko

Svarte bunadsko, bunadstøvlett eller dufsesko frå Telemark.

Bunadsølv

Til Beltestakken treng du halsring og/eller hornring, byggkornring eller bøheradsring i tillegg til slangesølje og bolesølje. I tillegg kjem mansjettknappar og 3-6 par maljer, spenner og eventuelt veskelås. Sølvet frå Telemark er både forgylt og oksidert.