Sigdal-Eggedal-Krødsherad - Kryllingbunad I 3

0
Gratis måltakning

Stakk og liv: Dei sju ulike stakkane kjem alle i blått eller svart toskafta bunadty. Dei ulike stakkane frå Sigdal/Eggedal er: Hunstad, Hoffart, Grenskogen, Båssum og Lien. Frå Krødsherad har vi stakkane: Krylling og Snersrud. Det høyrer med brodert veske til bunadene med langt liv, til dei korte liva har bruk av veske variert.

Forkle: Det er ulike broderte forkle i høve til stakken de høyrer til. Til dei korte liva kan det også brukast mønstra ullmusselinsforkle.

Skjorte: Det er fleire ulike skjorter å velje blant, både med kvitt eller kulørt broderi.

Hovudplagg: Det høyrer med broderte huver til alle stakkane.

Veske: Svart veske med kulørt broderi.

Ytterplagg: Tofarga raud og kvit ulldamask-cape som skal vaterast, eller jakke med broderte kantar.

Strømper: Svarte.

Sko: Svarte bunadsko.

Sølv: Det er eige sølv til Sigdal/Eggedal/Krødsherad bunadene.

Heimen Husfliden | Sigdal-Eggedal-Krødsherad - Kryllingbunad I 3