Østfold damebunad Løken
Broderiet på bunaden og skjorta er inspirert av blomstermotiva på eit rosemala skap frå Lille Løken Gård i Trøgstad. Dei same blomstermotiva kunne ein sjå mange eksempel på rundt om i fylket. Bunadene blir laga i svart eller blått ullstoff.
Stakk og liv
Stakken blir laga i svart eller blått ullstoff. Livet har brodering framme og på ryggen, og er fora med baskerlin. Den blir lukka med hekter framme. Skjørtet er foldelagt i midja og har ei bred brodering nedst. Svartforing nede på innsida av skjørtet for å beskytte broderinga.
Belte
Belte i ullstoff i blått eller svart – inga brodering. Den blir lukka med ei spenne.
Veske
Veske i svart eller blått ullstoff med brodering.
Lue/hårband
Lue i svart eller blått ullstoff med brodering på sidene og midt bak. Hårband i svart eller blått ullstoff med brodering.
Skjorte
Brodert skjorte i kvit lin. Brodering på krage, mansjett og frontstykke.
Ytterplagg
Cape i blått eller svart.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Østfoldsølv.