Gudbrandsdalen B1 Festbunad

Gratis måltakning

Bunaden har eit nydeleg broderi som er kombinert med eit gammalt snitt. Festbunaden frå Gudbrandsdalen finst i fleire fargar og variantar både med og utan forkle. Bunaden leverast også som materialpakke hvis du ønskjer å sy bunaden sjølv.

Heimen utarbeidde denne bunaden i 1922.

Festbunad frå Gudbrandsdalen er av dei mest populære bunadene både frå sitt område og i Noreg.

Stakk og liv

Bunaden er i svart eller blått toskaft eller klede. På bunaden med forkle er det ein brodert bord nede på stakken, utan blomar spreidd oppover stakken, og broderi på liv, luve og lomme. Forkleet har to forskjellige broderimotiv. Til svart bunad er det valfritt om ein vil ha forkle i svart ull eller silke, til blå bunad er forkleet i blått ty som bunaden.

Skjorte

Ein kan velje mellom tre forskjellige broderte linskjorter eller ei bomullsskjorte med nuppereller.

Ytterplagg

Til gudbrandsdalsbunaden finst det både jakke og cape. Jakka er kort i toskafta bunadty eller klede.

Hovudplagg

Lue med broderi.

Strømper

Svarte. Til blå bunad kan ein bruke kvite.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er utarbeidd eige sølv til Gudbrandsdalen.

Heimen Husfliden | Gudbrandsdalen B1 Festbunad