Gudbrandsdalen B94 Damask-kjol

Gratis måltakning

Damask-kjol frå Gudbrandsdalen har utgangspunkt i dei såkalla livkjolane som var i tradisjonell bruk frå ca. 1830 og framover.

Dette er ein bunad utan broderi, men til gjengjeld er det eit stort utval av stoff og fargar å velje blant. Damask-kjol blir med dette personleg og unik ved at ein kan setje saman fargar etter eigne ønske og behov. Dersom ein ønskjer veske er det mest vanleg å sy denne i samme stoff eller farge som stakken.

Stakk og liv

Livet er i silkedamask, brokade eller ulldamask. Stakken er i ulldamask som finst i fargane svart, grøn, brun eller blå. Stakken har ein brei midtfold midt bak og er foldelagt bakover.

Forkle

Det blir brukt forkle i silkedamask eller silke-/ulldamask.

Skjorte

Brodert linskjorte, silkeskjorte eller bomullsskjorte med nuppereller blir brukt.

Ytterplagg

Kort jakke i klede eller cape i ulldamask.

Hovudplagg

Botthuve, ei lue i småmønstra silkedamask, eller stivatørkle, kvitt skaut.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Gudbrandsdalsølv.

Heimen Husfliden | Gudbrandsdalen B94 Damask-kjol