Lundeby damebunad

Gratis måltakning

Lundebybunad B9 har ei bølgjande bord med tilknytte blomster nede på stakken og mindre blomstermotiv oppover. Livet er i same stoff som stakken, med broderi som også går igjen på lue og veske. Lundebybunaden kjem i tre fargar; svart, blå eller naturkvit, som ein står fritt til å velje blant.Lundeby var fødd på Tøråsen i Våler i Solør (Hedmark), og mange frå dette distriktet bruker denne bunaden.Fasongen på bunaden er den same som til rondastakken.

Stakk og liv

Både stakk og liv er i klede med broderi og kjem i svart, blå eller naturkvit.

Hovudplagg

Lue i same farge og stoff som bunaden.

Skjorte

Det er ikkje utarbeidd eigen skjorte til Lundebydrakta, men ei bomullsskjorte med nuppereller er vanleg å bruke til.

Strømper

Svarte, ein kan også bruke kvite til den blå og kvite bunaden.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Gudbrandsdalsølv.

Heimen Husfliden | Lundeby damebunad