Valdres damebunad

Gratis måltakning

Valdresbunaden har eit formsydd liv med broderi, og stakk med tilsvarande broderi. På stakken er broderiet plassert nede slik at dei separate motiva dannar ei bord heile vegen rundt. Motiva i broderiet er organiske blad- og blomsterliknande former i klare fargar.

Stakk og liv

Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty og kjem i svart eller mørkeblått.

Forkle

Ein kan velje å ha forkle til bunaden, men då er det ikkje broderi på stakken. Forkle har broderi og er i same farge og stoff som bunaden.

Skjorte

Det er fleire ulike skjorter til Valdresbunaden med kvitt eller farga broderi.

Ytterplagg

Jakke i same farge og stoff som bunaden.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til Valdresbunaden.Valdres er rik på sølvtradisjonar, og det finst fleire val av sølv til bunaden. Sølvet består av halssølje eller halsring, bringesølje, mansjettknappar, veskelås og sølvbelte. Mange brukar 5 mm avstand mellom stølane på beltet. Kniv og klokke med klokkekjede er fint tilbehør

Heimen Husfliden | Valdres damebunad