Akerdrakt dame
Akerdrakten er laga med stakkestoff kopiert etter stoffprøver frå dei gamle akergardane i Oslo frå empiretida 1808-10. Drakten er sydd i empiresnitt.
Stakk og liv
Du kan velje mellom heile 6 ulike spesialvovne stakkestoff som kan kombinerast med mange livstoff i ull og brokade. Stakkestoffet er laga hos Krivi-vev AS.
Forkle
Fleire ulike forklestoff og sløyfer.
Skjorte
Lang serk.
Ytterplagg
Kort spencerjakke eller strikkesjal i lammeullsgarn. Spenceren til Akerdrakta blir levert i raudt, blått eller grønt ullklede.Sjalet er strikka i lammeullsgarn i svart, ubleika, lys grå, mørk grå, mørk blå eller mørk grøn.Spencer er ei kort jakke som var moderne i empiretida. Namnet har den fått etter Lord Spencer i England.Mønsteret til strikkesjalet er henta frå ein modell på Norsk Folkemuseum.
Hovudplagg
Tobladslue.
Strømper
Kvite strømper.
Sko
Sorte, lave pumps.
Sølv
Akerdraktsølv.