Vest-Telemark damebunad U55
Vest-Telemark bunad U55 har eit langt brodert liv som blir snørt framme. Raudnyansane i broderiet går igjen i det breie broderiet på forkleet, medan stakken har ein raud kant med små broderimotiv som er sydd på nedst. Vest-Telemarkbunaden kjem i fleire fargar og har eit stort utval av tilbehør.
Stakk og liv
Stakk og liv blir levert i svart eller blått toskafta bunadty. Stakken har broderi på ein smal kant nede, livet har store broderimotiv og raude kantar med broderi.
Forkle
Forkleet har eit frodig brodert motiv nede og er i same farge som stakken med raude kantar. Forkleet blir festa med eit grindvevd band i livet.
Skjorte
Det er utarbeidd fleire forskjellige skjorter til Vest-Telemark, i lin med både farga- og kvitsaum.
Ytterplagg
Ein kan velje mellom lang cape, i same farge som stakken eller kort jakke i raudt eller same farge som stakken.
Hovudplagg
Hårvippe eller jente- eller koneskaut.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Telemarksølv blir brukt.