Vest-Telemark damebunad U56

Gratis måltakning

Vest-Telemark damebunad U56 er inspirert av folkedrakter frå begynninga av 1800-talet.

Stakk og liv

Livet er i vadmel og stakken blir levert i toskafta bunadty. Stakken har broderi på ein smal kant nede. Livet er grønt med raude kantar og har rosesaum både foran og bak.

Forkle

Forkleet har eit frodig brodert motiv nede og er i same farge som stakken med raude kantar. Forkleet blir festa med eit grindvevd band i livet.

Jakke

Jakka eller trøya er i raudt ullstoff, kanta med rosesauma band på ermene, i halsen og nederst foran. Jakka er open foran; en såkalla «opentrøye».

Skjorte

Skjorta er i kvit lin med broderi på hals- og ermlinningar. Den kan også ha kvitsaumbroderier.

Hovudplagg

Hårvippe eller jente- eller koneskaut.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Telemarksølv blir brukt.

Heimen Husfliden | Vest-Telemark damebunad U56