Vestfold DNH56 damebunad

Gratis måltakning

Vestfoldbunad DNH frå 1956 har einsfarga svart stakk med ein brei kant i same farge som livet. Livet kjem i raudt eller grønt. Nede på stakken, som i kanten på livet og som belte, vert det brukt eit grindvevdband. Ein kan velje mellom to ulike forkle og to ulike luer.

Stakk og liv

Livet er raudt eller grønt i vadmel og stakken er svart i toskafta bunadty med kant i same farge som livet.

Forkle

Stripa ullforkle med to ulike stripemønster eller kvit linforkle med kulørt broderi.

Skjorte

Kvit linskjorte med broderi

Lue

Svart eller rosa silkelue.

Veske

Brodert veske.

Ytterplagg

Svart cape med fór i same farge som livet.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Vestfoldsølv.

Heimen Husfliden | Vestfold DNH56 damebunad