Bardu-Målselv G3 damebunad

Gratis måltakning

Bardu-Målselvbunaden er utarbeidd av Heimen og ein bunadsnemnd med Guri Myre i spissen. Bunaden er inspirert av draktskikk frå Gudbrandsdalen.

Bardu-Målselv G3 damebunad har fleire broderte motiv som dannar ein bord rundt på stakken nede.

Liv og stakk

Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty eller klede og kjem i mellomblått, mørkeblått eller svart.Livet er formsydd og går på utsida av stakken midt bak og på sidene framme, og har broderi med delar av same motiv som på stakken.

Jakke/Trøye

Trøya kan vere i same farge som bunaden eller raud. Den har same snitt som livet nede med rund hals. Trøya hektast saman framme med skjulte hekter.

Lue og veske

Brodert lue og veske i samme stoff som bunaden.

Skjorte

Kvit linskjorte med broderi på hals, ermelinningar og i bringa. Skjorta har glatt hals- og skulderstykke. Broderiet er utarbeidd av Ivar Alapnes, Målselv.

Strømper

Svarte eller kvite.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden – oksidert, men kvitt/forgylt kan også brukast. Du treng ei halssølje og ei hovudsølje samt mansjettknappar, veskelås og hekter til livet.