Troms damebunad med gyllent liv

Gratis måltakning

Troms damebunad med gyllent liv blei første gong presentert på Troms Ungdomsfylkingsstemne i Senjahopen i 1973.

Stakk og liv

Bunaden er i ullstoff med ein rutet effekt av vertikale striper og fløyelsband på tvers nedst. Kjolelivet er i damaskliknande mønster i eit blandingsstoff av bomull/viskose. Livet er i gyllent.Bunaden kjem også med raudt liv.

Skjorte

Kvit skjorte med broderi eller kvit skjorte i bomull med nupereller.

Forkle

Forkleet er i svart mercerisert bomull med hvite, vertikale striper langs ytterkantene og tilsvarende tverstriper nederst.

Ytterplagg

Cape er i svart ulldrape med raudt fôr.

Hovudplagg

Lua er i svart silke og har ein kvit blonde langs framkanten, og knyteband til å feste under haka eller dei kan henge ned.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige bunadsølv til bunaden.

Heimen Husfliden | Troms damebunad med gyllent liv