Trøndelag damebunad, blå
Gratis måltakning
Trønderbunaden har eit blått damaskliv med ei rynka kappe som ligg over stakken.
Stakken til Trønderbunaden er einsfarga med tittekant nede i ein kontrasterande farge. Bunaden finst også i fargene raud, grøn og svart Gloria. Forklet kjem i to ulike mønster, medan livet kjem med tre ulike mønster. Broderi til huver, vesker og skaut vart henta frå gamle tekstilar frå området. Det er tre ulike broderte vesker og huver.
Stakk og liv
Livet er i lin/ulldamask og stakken er i toskafta bunadty.
Forkle
Forklet er i lindamask.
Skjorte
Kvit linskjorte med broderi.
Ytterplagg
Cape i ulldamask.
Strømper
Raude til blå bunad.
Sko
Svarte bunadsko.
Bunadsølv
Det er eige sølv til Trønderbunaden.