Romsdal M3 Bolsøy, damebunad
Gratis måltakning
Bunaden blir levert heilt blå eller med blå stakk og raudt liv og har mangefarga broderi på liv, stakk, hovudplagg og veske.
Heimen Husfliden kan også levere Romsdalsbunader frå Malo og Vågstrand.
Stakk og liv
Bunaden leverast heilt blå eller med blå stakk og raudt liv. Stakk og liv er i klede og har eit mangefarga broderi.
Skjorte
Kvit linskjorte med broderi på hals, ermlinninger og skulderstykke. Broderimotivet har Heimen fått av Laura Tanberg. Ein kan også bruke ei bomullsskjorte med nuppereller.
Ytterplagg
Det er utarbeidd cape til bunaden i blått klede med med raudt fôr I same stoff.
Hovudplagg
Brodert lue i klede.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er utarbeidd eige sølv til Bolsøybunaden som Heimen Husfliden fører.