Sogn damebunad

Gratis måltakning

Bunaden har svart stakk med brodert eller applikert bord nede. Livet er i damask med fløyelskantar, og skal snørast framme.Det høyrer med mønstra forkle og linskjorte med broderi.Det er fleire variantar av stakkekantar, og livet er i fleire ulike stoff og fargar.

Stakk og liv

Livet kan veljast i silke- eller ulldamask i mange ulike fargar, og har fløyelskantar. Stakken er svart med raud eller grøn Fjelltopp-bord eller Tang og Tare-bord.

Forkle

Sort med fleirfarga rutemønster.

Skjorte

Kvit linskjorte med svart og kvitt broderi eller svart og raudt broderi. Det kan også brukast grøn silkeskjorte med broderte mansjettar og skjortebryst til.

Hovudplagg

Konelue eller roggeband.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til Sogn som Heimen Husfliden fører.

Heimen Husfliden | Sogn damebunad