Gauldal herrebunad

Gratis måltakning

Herrebunaden frå Gauldal har ei lang, lys jakke over raudstripete vest og svarte bukser. Som andre herrebunader kan ein velje i eit rikt utval av tilbehør som skjerf, sølv, strømper og hoseband. Ein kan også bruke raud lue, sjølv om det er noko meir uvanleg.

Bunaden kan også leverast til gut.

Jakke

Jakka kjem i naturkvit klede.

Bukse

Buksa blir sydd i svart klede.

Vest

Vesten er i raudt, stripete ullstoff.

Skjorte

Brodert skjorte i lin eller bomull.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.

Heimen Husfliden | Gauldal herrebunad