Voss herrebunad
Bunaden frå Voss har ein open kort jakke i svart ullklede og kne- eller lang bukse i same materiale. Vesten er dobbeltspent med ståkrage.
Jakke og bukse
Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede. Knebukse i svart ullklede med knappegylf eller lukeåpning eller lang bukse i svart ullklede med knappegylf eller lukeåpning.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med innfelling av grønt ullklede i front. Vesten er kanta med raude og grøne ullband. Bomullsstoff i ryggen.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.
Strømper
Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Mansjettknappar, halssølje, kne- og vestespenne, samt små og store knappar er i oksidert sølv eller tinn.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.