Masfjord herrebunad

Gratis måltakning

Mannsbunad frå Masfjord har ein raud vest med eit grønt stykke felt inn framme som kan gi ein illusjon av to vestar. Buksa er kort og svart og jakka er svart med grøne tittekantar og detaljar. Det er eit utval av tilbehør til bunaden.

Masfjordbunad kan også leverast til gut.

Jakke og bukse

Jakka og buksa blir sydd i svart klede med grøne tittekantar.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt klede med innfelling av grønt klede i front. Ryggen er i ubleika bomullslerret. Kragen har broderte stikningar i grønt og gult. Det er to sidelommer der klaffen er kanta med grøne ullband.​

Skjorte

Kvit bomullsskjorte utan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Halsknapp og mansjettknappar i tillegg til knappane som blir sydd på bunaden.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.

Heimen Husfliden | Masfjord herrebunad