Samnanger herrebunad

0
Gratis måltakning

Bunaden har mange fellestrekk med bunader frå andre stader i Hardanger, og den blei tatt frem i perioden 1900-1915. Plagga er kopiar av historiske plagg frå Samnanger-området.

Stikkord: Mannsbunad, bunad.

Jakke og bukse:Open, lang jakke med ståkrage og slag i svart klede. Kragen har stikningar og broderi og dessutan ein bise med broderi i framkant. Det er ein raud bise med brodering langs framkant, rundt kanten nede, rundt sidelommer, ermsplitt og ermavslutning.Knebukse med lukeopning i svart klede.

Vest: Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i svart klede. Ståkragen har stikningar og broderi. Baskerlin i rygg. Det er også broderi langs slaga og i framkant.Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i raudt ullklede. Det er ein grøn bise rundt krage, langs slag, framkant og kanten nede. Vesten har også broderi langs kanten på slaga og på krage.

Skjorte: Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.

Strømper: Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.

Sko: Svarte bunadsko.

Sølv: Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør: Hatt er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

Heimen Husfliden | Samnanger herrebunad