Nordmøre herrebunad

Gratis måltakning

Nordmørsbunaden bygger på draktmateriale frå første halvdel av 1800-talet. I tillegg til dei ulike plagga som er funne på Nordmøre, har gamle skrivne og fotografiske kilder vore til nytte under arbeidet med rekonstruksjonen av bunaden.

Jakke

Open jakke med ståkrage og slag i blå vadmel. Ryggen er lengre enn det jakka er framme.

Bukse

Ein kan velje mellom knebukse og lang bukse med lukeopning i blå vadmel.

Vest

Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i vadmel eller raud/kvit ulldamask. Baskerlin i rygg.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper. Fåast både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Det er vanleg å bruke hatt og skjerf til bunaden, og hoseband og bukseselar er ofte nødvendige for å halde bukse og strømper oppe. Under lukeopninga på buksa blir det festa eit svart belte der også bunadskniven blir festa.

Heimen Husfliden | Nordmøre herrebunad