Indre Nordhordland herrebunad

Gratis måltakning

Indre Nordhordland herrebunad har røter til første delen av 1800-talet. Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Jakke og bukse

Open, kort jakke med slag ogståkrage i svart klede. Jakka erkanta med grøne ullband rundtkrage, slag og framkant, og pålommeklaff. Ein kan velje knebukse eller langbukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage iraudt ullklede med dobbel innfellingav grønt ullklede i front. Ryggen eri ubleikt bomullslerret. Vesten erkanta med grøne ullband på krage, iframkant og nede på vesten der deter raudt ullklede.

Skjorte

Kvit skjorte i bomull med broderi ilin, eller kvit skjorte i bomull eller linutan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast til knebuksa. Både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Knappar i tinn eller sølv, samt anna bunadsølv frå området.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

Heimen Husfliden | Indre Nordhordland herrebunad