Ytre Nordhordland herrebunad

Gratis måltakning

Ytre Nordhordland herrebunad har røter til første delen av 1800-talet.

Jakke og bukse

Open, kort jakke med slag ogståkrage i svart klede. Jakka erkanta med grøne ullband rundtkrage, slag og framkant, og pålommeklaff. Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage iraudt klede med dobbel innfellingav grønt ullklede i front. Ryggen eri ubleikt bomullslerret. Vesten erkanta med grøne ullband på krage,i framkant og nede på vesten derdet er raudt ullklede. Den er kantamed raude ullband på den grøneinnfellinga.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i bomull medbroderi i lin, eller kvit skjorte ibomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite ullstrømper til knebuksa.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Tinn- eller sølvknappar til jakke og bukse, samt bunadsølv frå området.

Anna tilbehør

Hatt og hoseband til knebuksa.

Heimen Husfliden | Ytre Nordhordland herrebunad