Rogaland herrebunad

Gratis måltakning

Rogalandsbunaden har svart bukse og jakke med tittekantar. Bunaden blir personlig ved at ein sjølv vel fargar i vest og skjerf.

Jakke og bukse

Open jakke i ulldrapé eller klede. Jakka er kanta med raude ullband. Knebukse med lukeopning i svart ulldrapé. Raude biser rundt lukeopning, i sidesaumane, rundt knesplitt og knelinning.

Vest

Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i brokade. Baskerlin i rygg. Ein kan velje mellom ulike brokadestoff.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønstertstrikka strømper, fåast i både håndstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Halsknapp og mansjettknappar i tillegg til knappar på bukse, vest og jakke.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

Heimen Husfliden | Rogaland herrebunad