Sunnhordland herrebunad

Gratis måltakning

Sunnhordland herrebunad har open, lang jakke og lang eller knebukse i svart klede.Det lokale namnet på jakka er Laksatrøya.

Jakke og bukse

Open, lang jakke utan krage i svart klede. Lang bukse eller knebukse med lukeopning i svartklede.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage og slag i raudt ullstoff, med rygg i kvitt lin.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i bomull medbroderi i lin, eller kvit skjorte ibomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite ullstrømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Tinn- eller sølvknappar til jakke og bukse, samt bunadsølv frå området.

Anna tilbehør

Bunadshatt og hoseband til knebuksa.

Heimen Husfliden | Sunnhordland herrebunad